onsdag 29. oktober 2008

hus å bu i


hus å bu i
hus å tru i
veggar
tak
kring meg

du har mange fargar haust

du har mange fargar haust men eg har berre glimtvis sett dei
eg ser mykje i gråtonar, i brunt og i grågrønt
eg ser ingen detaljar
eg ser berre flater
tomme flater
tomme rom
tomme blikk
og innimellom møtes dei.

onsdag 20. august 2008

måndag 11. august 2008

sprek

som få
smellvakker
snodig
snål
snill
stø
stram
sjø
salt
svett
slett så stille
stå så

sååå laaaangt til jul

så kort så kort
sååååå gla i dag
sååååååååå gla
ååååå jul åååå jul
med glede
men det er
sååååååå laaaaaaaaangt til jul

så langt så vrangt så vondt så hardt så lite så fort så rett så galt

    • så da så

fredag 18. januar 2008

to, to i, to som, to på 12

att og fram/mange tankar/er det det?..eller det?.mellomleggspapiret som var heilt fullt er no tomt, ja, tida går, ja det er ikkje lenger haust-det er vinter, det er ikkje snø men det er januar, ein måne på den eine sida, ellve månar att. totu9 kjem den, eller -i kveld høyrde eg krafta i den vesle spede barnestemma di, du syng so det ljomar, på badet. i debatten om kvalitet kontra kvantitet, høyrer eg stemma di, og tenkjer at eg lever i den, at røysta di, songen din, tankane dine, latteren din pustar liv i meg. også i kveld, januar- totu8.

rolig no, rolig